Agent i Placepoint Fusion
Agentpanelet er MCP-serveren innebygd i Placepoint Fusion. Du skriv i eit panel i plattforma, på det språket du sjølv brukar, utan Claude Desktop, Cowork, Claude Code eller anna oppsett, og Agenten svarar med dei same registra og verktøya som MCP-serveren.
Panelet blir prøvd ut med utvalde brukarar. Det er betafunksjonalitet i aktiv utvikling: svar, verktøy og grensesnitt endrar seg fortløpande, nokre spørsmål får ikkje svar enno, og delar av grensesnittet kan vise engelsk tekst. Meld frå om feil og manglar til support@placepoint.no.

Startbiletet viser kva Agenten dekkjer: eigedom og bygg, eigarskap og selskap, regulering og planar, og risiko og omgivnader. Eksempelpromptane nedst kan klikkast direkte og brukar referanseeigedommane Kastellhagen 2 og Tordenskiolds gate 2, som er verifiserte mot matrikkelen, så eit første klikk alltid gir treff.
Slik spør du Agenten
Videoen viser eitt spørsmål frå start til svar: opne panelet frå menyen til venstre, gjer det smalare så kartet blir synleg, og spør «Kven eig Tordenskiolds gate 2 i Oslo, og kven leiger der?». Svaret kjem medan du ser på, med eigar, heimel og dei største leigetakarane, og lenkjer som opnar eigedommen og selskapa i kartet.
- Klikk Agent i menyen til venstre. Panelet opnar seg over heile kartet, med førre samtale om han finst. Klikk Ny samtale for å begynne på nytt.
- Dra i høgre kant av panelet til det dekkjer omtrent halve skjermen. Breidda blir hugsa til neste gong.
- Skriv spørsmålet i feltet nedst og trykk Send. Ei adresse held, Agenten finn matrikkelnummeret sjølv.
- Agenten slår opp eigedommen, hentar grunnboksutskrift og leigetakarpanel og svarar i tekst med lenkjer. Spør vidare i same samtale når du vil gå djupare.
Lengd: 1 minutt og 28 sekund. Svaret er skrive av Agenten der og då, så ordlyden varierer frå gong til gong.
To spørsmål til Agenten
Videoen viser to eksempelspørsmål til Agenten, kvart i sin eigen samtale, med svara slik dei kjem: reguleringsstatus for ei heil gate, og eigar, selskapsstruktur og leigetakarar for eit bygg. Ventetida medan Agenten slår opp er spola fram. Skrivinga, svara og kartet går i sanntid.
- Sjekk heile John Colletts allé. Kvar kan det byggjast nytt? Agenten les planane for heile gata, deler henne i tre reguleringsregime, peikar på det mellombelse byggjeforbodet under Småhusplanen og legg eigedommane han har sjekka i kartet.
- Kven eig denne bygningen, gjennom kva SPV, og kven er leigetakarane? Bygningen er Tordenskiolds gate 2 i Oslo. Agenten viser heimelshavar, eigarselskapet bak og dei største leigetakarane med organisasjonsnummer.
Lengd: 1 minutt og 26 sekund. Svara er skrivne av Agenten der og då, så tal og ordlyd varierer frå gong til gong. Tordenskiolds gate 2 er ein av referanseeigedommane frå startbiletet.
Kva Agenten kan
- Svare på dei same spørsmåla som MCP-serveren: eigedomsoppslag, grunnbok, selskap, arealplanar, risiko og analyse.
- Styre vanleg Fusion-funksjonalitet mens de snakkar: flytte kartet, slå på kartlag, opne eigedomspanelet.
- Søkje i denne brukardokumentasjonen, så «korleis gjer eg det»-spørsmål blir svarte med framgangsmåten, ikkje berre data.

Svara lenkjer til organisasjonsnummer og til kartet, så du kan gå rett frå svaret til eigedomspanelet eller selskapspanelet og jobbe vidare der.
Områdespørsmål fungerer også her. Det same spørsmålet som gav rapporten om John Colletts allé gir i panelet ein gjennomgang av reguleringsregima i gata, med føresegner, mellombelse forbod og kva delar av gata som må vurderast kvar for seg. Agenten peikar på at unntakspraksisen ligg i vedtaksdokumenta, ikkje i kartdataa, og tilbyr å gå vidare per eigedom.

Kva panelet passar best til
Agenten har heile verktøykassa frå MCP-serveren, men panelet gjer seg best på det som høyrer heime i kartet: eitt oppslag, éin sjekk, eitt spørsmål om det du ser. Svaret kjem som tekst med lenkjer, og Agenten kan samtidig flytte kartet, slå på det kartlaget som viser saka og opne eigedomspanelet på treffet. Lange rapportar, reknearket og arbeid som kombinerer Placepoint med andre kjelder høyrer framleis til MCP-serveren i Claude Desktop.
Det Agenten gjer for deg i panelet:
- Slår opp ei adresse eller eit matrikkelnummer og samlar tomt, bygningar, brukseiningar, eigarar og leigetakarar i eitt svar.
- Hentar grunnboksutskrifta og oppsummerer heftingar: pant, servituttar, vegrettar og deleforbod.
- Finn kva regulerings- og kommuneplanar som gjeld, inkludert planforslag, og viser plankartet saman med eigedomsgrensene.
- Les plandokumenta, føresegner og planskildring, og oppsummerer utnytting, høgder og føremål i staden for å liste dei opp.
- Sjekkar risiko rundt eigedommen, flaum, skred, kvikkleire, naturtypar og verneområde, og slår på risikokartlaga som viser det.
- Kartlegg selskapa bak eigedommen, frå ultimat eigar ned til dotterselskapa, med roller og aksjonærar, slik selskapspanelet viser det.
- Reknar ut reisetid og rekkjevidde med bil, kollektivt, sykkel eller gange frå punktet du står på.
- Tek eit heilt område i eitt spørsmål: ei gate, eit kvartal, eit område, og går vidare per eigedom når du ber om det.
Skilnaden på Agenten og MCP-serveren
Same motor, to inngangar. MCP-serveren blir brukt frå Claude Desktop, Cowork eller Claude Code og passar for lange analysar, rapportar og arbeid som kombinerer Placepoint-data med andre kjelder. Agentpanelet bur i plattforma og passar når du allereie jobbar i kartet og vil spørje, navigere og slå opp utan å byte verktøy.
Det Agenten gjer betre:
- Brukar Fusion-funksjonaliteten direkte: flyttar kartet, slår på kartlag og opnar eigedomspanelet på treffet, i staden for å skildre kvar du bør klikke.
- Svarar raskare på mange spørsmål enn MCP-serveren i Claude Desktop, fordi oppslaget går rett mot plattforma du allereie er logga inn i.
- Svarar på «korleis gjer eg det»-spørsmål med framgangsmåten frå denne dokumentasjonen.
Det Agenten ikkje kan enno:
- Lage filer for eksport: Excel, PDF eller rapportar. Svaret kjem som tekst med lenkjer i panelet.
- Lage interaktive dashboard og andre visuelle leveransar.
Treng du filer eller dashboard, bruk MCP-serveren i Claude Desktop.
Éin viktig skilnad gjeld personopplysningar. MCP-serveren skjermar alltid privatpersonar, uansett kva konto du har. Agentpanelet brukar Fusion-innlogginga di og følgjer tilgangsnivået ditt i plattforma: har kontoen din utvida tilgang til personopplysningar gjennom dokumentert rettkomen interesse, gjeld den tilgangen også i Agenten.
Kven kan bruke Agenten
Agenten er i pilot. Placepoint slår han på for utvalde brukarar, og då ligg han i sidemenyen. Ser du han ikkje og vil prøve, ta kontakt med oss.
Koplingar til andre system
Agenten hentar data gjennom koplingar (connectors). I dag er tre koplingar tilgjengelege:
| Kopling | Kva den gir |
|---|---|
| Placepoint MCP | Norsk eigedom, grunnbok, selskap, arealplanar, risiko og analyse, det same som MCP-serveren |
| Placepoint Dataset MCP | Datasetta i plattforma, til uttrekk og aggregering |
| Combify MCP | Svensk eigedom: fastigheter, detaljplaner og bygglov frå Combify |
Administratoren set opp koplingar til eksterne system under Agent i Innstillingar. Kvar kopling har eit skjema. Nokre ber om ein API-nøkkel frå systemet. Andre, som HubSpot, Notion og Vercel, sender deg til leverandøren for å logge inn og godkjenne, og tek deg tilbake til Innstillingar med koplinga lagra.
Les dette før du koplar til eit system:
- Alle i verksemda som har Agenten, brukar koplinga gjennom han, med tilgangen til kontoen som kopla ho.
- Ein leverandør som autoriserer ein person og ikkje eit arbeidsområde, slik HubSpot og Notion gjer, gir Agenten administratoren sine eigne rettar. Handlingar står med namnet til administratoren i loggen til leverandøren. Bruk ein tenestekonto der leverandøren har det.
- Agenten les gjennom koplinga. Ei skriving stoppar og ber om stadfesting først.
- Nøklar og token blir lagra krypterte. Fjern koplinga frå same side når ho ikkje trengst lenger.
Fleire system er på veg, slik at Agenten kan svare med leigekontraktar, driftsdata og rekneskap i same samtale som eigedomsdataa. Systema vi vurderer, i den rekkjefølgja vi ser på dei:
- Eigedoms- og leigeforvaltning: Fenistra.
- FDV: FDVweb, Famac, Vitec Plania, EG Facilit.
- Rekneskap og ERP: Visma.net, Xledger, Tripletex, PowerOffice Go, Dynamics 365 Business Central.
- CRM: SuperOffice, HubSpot, Salesforce.
- Dokument: SharePoint og Microsoft 365.
- Energi: Kiona Energinet, Entro EOS.
- Tilgang og e-signering: Unloc, Signicat, Scrive.
- Marknadsdata og kreditt: Ambita Infoland, Bisnode.
- Inkasso og fakturagodkjenning: Kravia, Semine.
Rekkjefølgja blir styrt av kva system kundane våre brukar og kven som har bede om dei. Brukar bedrifta di eit system du vil ha i Agenten, ta kontakt med oss.
Eksempel du kan prøve i panelet
Skriv på det språket du sjølv brukar, utan innleiing. Byt ut hakeparentesane med ei ekte adresse, eit matrikkelnummer eller eit organisasjonsnummer:
- «Kven eig [adresse], og kven leiger der?»
- «Hent grunnboksutskrifta for [matrikkelnummer] og oppsummer heftingane.»
- «Ligg [matrikkelnummer] i eit flaum- eller skredutsett område? Vis det i kartet.»
- «Kva reguleringsplanar og kommuneplanar gjeld for [matrikkelnummer]?»
- «Hent føresegnene for planen som gjeld [matrikkelnummer], og oppsummer kva som er tillate av utnytting, høgder og føremål.»
- «Er det varsla planarbeid i nærleiken av [adresse]?»
- «Sjekk heile [gate]: kvar kan ein byggje nytt?»
- «Kva tomter i [gate] er store nok til å delast?»
- «Kva adresser i [gate] er det ikkje noko poeng i å sjå på?»
- «Kven står bak orgnr [orgnr], og kva eig dei elles?»
- «Kva eigedommar leiger [selskap] i [kommune]?»
- «Kor langt rekk eg på 15 minutt med kollektivtransport herfrå?»
- «Slå på kvikkleirelaget og zoom til [adresse].»
- «Korleis legg eg til eit kartlag som favoritt?»
Dei to siste viser dei to tinga berre panelet kan: styre kartet du står i, og svare med framgangsmåten frå denne dokumentasjonen.