Kople Agenten til andre system
Her står det kva du treng for kvar kopling, kvar du finn verdiane hos leverandøren, og korleis du legg koplinga inn i Placepoint Fusion. Kva Agenten gjer med koplingane, står under Koplingar til andre system.
Før du startar
- Berre ein administrator i organisasjonen kan leggje til eller fjerne ei kopling. Andre brukarar ser kven administratorane er, under Agent i Innstillingar.
- Alle i organisasjonen som har Agenten, brukar koplinga med tilgangen til kontoen som kopla henne. Bruk ein eigen brukar eller tenestekonto med berre lesetilgang der leverandøren har det, så ser Agenten berre det han skal.
- Agenten les gjennom koplingane. Der leverandøren har verktøy som endrar data, har vi slått dei av, eller leverandøren ber om stadfesting før noko blir endra.
- Nøklar og tokenar blir lagra krypterte. Du fjernar ei kopling med Kople frå på same side.
Slik legg du til ei kopling
- Opne Innstillingar og vel Agent.
- Under Koplingar vel du Legg til kopling.
- Vel systemet under Kopling, og gi koplinga eit namn under Namn. Namnet ser brukarane i Agenten.
- Fullfør på ein av to måtar, avhengig av systemet:
- Innlogging hos leverandøren. Vel Kople til med og namnet på leverandøren. Du loggar inn og godkjenner hos leverandøren og kjem tilbake til Innstillingar. Ingenting blir lagra før leverandøren har stadfesta.
- Nøklar frå leverandøren. Lim inn verdiane i felta, vel Test tilkoplinga, og deretter Kople til.
- Når du ser «Tilkopla. Agent kan bruke tilkoplinga frå neste spørsmål.», er koplinga klar.
| Kopling | Slik koplar du til |
|---|---|
| Fenistra, FDVweb, EG Facilit, Xledger, Scrive, Signicat, Visma.net, Core | Nøklar frå leverandøren |
| Saga | Server-URL og API-nøkkel |
| Notion, Tripletex, HubSpot, SuperOffice, Fazile, Propely | Innlogging hos leverandøren |
| Eigendefinert kopling | Server-URL og bearer-token |
Fenistra
Du treng to verdiar frå Fenistra:
- API-abonnementsnøkkel: blir laga når du registrerer ein brukar i utviklarportalen til Fenistra. Lenkja til portalen står på sida Integrasjonar og API hos Fenistra.
- Lisens-GUID: identifiserer lisensen dykkar. Be Fenistra om GUID-en gjennom kontaktsida viss du ikkje har han.
Ingen av verdiane går ut.
FDVweb
Du treng ein API-klient-ID og ei API-klienthemmelegheit frå FDVweb, og FDVweb-underdomenet dykkar: namnet framfor .fdvweb.no i adressa de loggar inn på. Klient-ID og hemmelegheit får du frå kundeansvarleg hos FDVweb. Sjå Integrasjonar og kontaktsida hos FDVweb.
EG Facilit
Du treng ein API-klient-ID og ei API-klienthemmelegheit som EG lagar for FDVU-installasjonen dykkar. Be om ein API-klient hos EG Facilit på support@facilit.no. Tenestene klienten gir tilgang til, står i API-dokumentasjonen for FDVU.
Xledger
Du treng eit API-token med berre lesetilgang:
- Ein administrator i Xledger loggar inn og opnar www.xledger.net/f/api-tokens.
- Lag eit nytt token til Placepoint, og gi det berre lesetilgang.
- Kopier tokenet og lim det inn i Innstillingar.
Spørsmål om tokenar går til Xledger support.
Scrive
Du treng dei personlege tilgangsnøklane frå ein Scrive-konto: Klientidentifikator, Klienthemmelegheit, Tokenidentifikator og Tokenhemmelegheit.
- Logg inn i Scrive og gå til Settings, deretter Integration Settings.
- Lag Personal access credentials. Finst dei frå før, må du slette dei og lage nye.
- Lim inn dei fire verdiane, og skriv
https://scrive.comunder Scrive-server. For testmiljøet brukar duhttps://api-testbed.scrive.com.
Kvar Scrive-brukar har eitt sett nøklar, så bruk gjerne ein eigen brukar til Placepoint. Sjå Authentication og API-dokumentasjonen hos Scrive.
Signicat
Du treng ein API-klient-ID og ei API-klienthemmelegheit frå ein API-klient i Signicat Dashboard:
- Gå til Settings, deretter API clients, og vel Add client.
- Gi klienten scopet
signicat-api. - Lag ei hemmelegheit under detaljane til klienten. Ho blir berre vist éin gong, så kopier ho med ein gong.
Sjå Quick start guide for Signicat APIs.
Visma.net
Du treng ein Klient-ID og ei Klienthemmelegheit for ein applikasjon i Visma Developer Portal, og tenant-ID-en til selskapet i Visma.
- Registrer ein applikasjon av typen service integration i Visma Developer Portal, med scopet
vismanet_erp_service_api:read. Det gir berre lesetilgang. - Ein Visma-administrator i selskapet godkjenner applikasjonen for selskapet. Utan godkjenning godtek ikkje Visma tenant-ID-en.
- Lim inn klient-ID, hemmelegheit og tenant-ID-en til selskapet.
Sjå Service Integrations og Application registration hos Visma.
Notion
Vel Kople til med Notion, logg inn og godkjenn. Agenten les dei same sidene som kontoen som koplar til. På Enterprise-planen kan Notion-administratoren styre kva MCP-klientar som er tillatne. Sjå Kople AI-verktøy med Notion MCP.
Tripletex
- Ein administrator i Tripletex aktiverer Tripletex MCP Beta under Mitt abonnement. Utan dette feilar innlogginga.
- Vel Kople til med Tripletex, logg inn og godkjenn.
Agenten får tilgang til det kontoen som koplar til, har tilgang til. Sjå Tripletex MCP og AI og MCP hos Tripletex.
HubSpot
Vel Kople til med HubSpot, logg inn og godkjenn. Ein Super Admin i HubSpot kan kople til med ein gong. Andre brukarar treng at ein Super Admin godkjenner først.
- Agenten les det brukaren som koplar til, kan lese, og endrar ingenting.
- Med Sensitive Data slått på i HubSpot er aktivitetar som telefonsamtalar, e-postar, møte, notat og oppgåver ikkje tilgjengelege, og heller ikkje samtalar frå innboksen.
- Legg HubSpot til nye objekt i koplinga, koplar du til på nytt for å gi tilgang til dei.
Sjå HubSpot MCP Server.
SuperOffice
Vel Kople til med SuperOffice og logg inn med SuperOffice-kontoen din. Det trengst ingen API-nøkkel. Agenten les, og det krev SuperOffice CRM Suite Plus eller høgare. Sjå MCP Connect hos SuperOffice.
Fazile
Vel Kople til med Fazile, logg inn og godkjenn. Agenten får tilgang til det kontoen som koplar til, har tilgang til. Sjå Integrasjon og API hos Fazile.
Propely
Vel Kople til med Propely, logg inn og godkjenn. MCP-en til Propely er inkludert for alle aktive Propely-brukarar og gir berre lesetilgang. Sjå Propely MCP.
Saga
- I Saga går du til Innstillinger, deretter API-nøkkelhåndtering.
- Kopier MCP Server Endpoint. Kvart firma har si eiga adresse, på forma
https://<firma>.sagalegal.io/api/mcp. - Lag ein API-nøkkel.
- Lim inn adressa under Server-URL og nøkkelen under API-nøkkel frå Saga.
Agenten les det eigaren av nøkkelen kan lese, og startar ingen arbeidsflytar. Sjå Developer setup hos Saga.
Core
Core frå Broker AS krev ein API-avtale mellom kjeda og Broker AS. Du treng:
- API-klient-ID og API-klienthemmelegheit for API-klienten Broker AS gir dykk i API-avtalen.
- Core-miljø: namnet framfor
.webtopsolutions.comi adressa de brukar.
Be om API-avtale hos Broker AS på api@broker.no. Kjedeleiinga godkjenner kva klienten får lese. Sjå API-tilgang Core hos Broker AS.
Eigendefinert kopling
Ei eigendefinert kopling er ein MCP-server organisasjonen sjølv driv. Du treng adressa til serveren under Server-URL (ho må byrje med https) og eit Bearer-token. Vel Test tilkoplinga før du lagrar. Når testen lukkast, ser du kor mange verktøy serveren har.
Koplinga blir merkt «Ikkje verifisert av Placepoint», fordi ho får alt samtalen rører ved. Kople berre til serverar de sjølve kontrollerer. Sjå Connect to remote MCP Servers.
Når koplinga ikkje verkar
| Melding | Kva du gjer |
|---|---|
| «Fekk ikkje kontakt.» | Kontroller verdiane. Teknisk detalj viser grunngivinga til serveren sjølv. |
| «Serveren godtok ikkje denne URL-en og innloggingsinformasjonen.» | Kontroller adressa og nøkkelen, og prøv igjen. |
| «Denne URL-en kan ikkje brukast for denne koplinga.» | Kopier adressa nøyaktig slik leverandøren viser ho. |
| «Leverandøren godkjende ikkje tilkoplinga.» | Du avbraut, eller kontoen manglar rettar hos leverandøren. |
| «Tilkoplinga vart ikkje fullført.» | Prøv igjen innan ti minutt etter at du starta. |
Kjem du ikkje vidare, ta kontakt med oss og sei kva kopling det gjeld og kva melding du ser.



