Oppdateringar i Placepoint AI
Placepoint AI blir oppdatert ofte, og dei viktigaste forbetringane står nedanfor med det nyaste først. Ny funksjonalitet krev at du oppdaterer connectoren i Claude. Gå til Settings, Customize, Connectors, vel Placepoint, klikk dei tre prikkane og vel Refresh tools list.
4. november 2026
Placepoint AI er blitt monaleg raskare, og fleire oppgåver som før feila, verkar no. Vi har målt kvart verktøy før og etter med dei same oppslaga. Dei tregaste er over 20 gonger raskare enn før.
| Oppgåve | Før | No | Raskare | Kortare tid |
|---|---|---|---|---|
| Geologi på to stader i Oslo: lausmassar og mogleg marin leire | 18,2 s | 0,84 s | 22x | 95 % |
| Planstatus for fem eigedommar | 29,7 s | 7,3 s | 4x | 75 % |
| Gjeldande reguleringsplanar for éin eigedom i Oslo | 7,5 s | 1,9 s | 4x | 74 % |
| Dei største omsetningane i ein kommune | 9,9 s | 1,4 s | 7x | 86 % |
| Kva historiske flyfoto som finst rundt ein eigedom | 7,3 s | 0,99 s | 7x | 86 % |
| Eitt historisk flyfoto av ein eigedom | 3,6 s | 0,36 s | 10x | 90 % |
| Flyfoto frå tre år i eitt oppslag | ufullstendig svar | 0,53 s | verkar no |
«Før» er versjonen som var i drift 31. oktober 2026. Tala er tida eitt oppslag tek, frå spørsmålet går til Placepoint til svaret er tilbake. Kor lang tid eit heilt svar tek, avheng òg av AI-appen og modellen du brukar, og av kor mange oppslag modellen gjer undervegs. Ein raskare modell eller ein hurtigmodus i appen gjev raskare svar uansett. Det vi har gjort raskare, er oppslaga i Placepoint, og dei er like raske uansett kva app du brukar.
- Topplister er rette. Bad du om til dømes dei fem største omsetningane i ein kommune, kunne same eigedom kome med fleire gonger, slik at andre fall ut. No blir lista laga i søkjemotoren, og ho er både rett og raskare.
- Rapportar om eit selskap fekk ikkje framside, og det same gjaldt nokre adresser. No får dei det.
- Årsrekneskap som PDF for store selskap kjem fram. Brønnøysundregistrene brukar opptil 36 sekund på å lage PDF-en, og vi gav opp etter 15. No ventar vi opptil 60 sekund.
- Nokre kartlag, mellom anna faresoner for kvikkleire, gav feil når dei skulle teiknast på eit kart. No blir dei teikna. Eit kartlag som berre kan spørjast i og ikkje teiknast, gjev ei tydeleg melding om det i staden for ein feil.
- Planoppslag på store eigedommar med ei detaljert grense feila. No verkar dei.
- Du kan be om historiske flyfoto frå fleire år i eitt oppslag, til dømes 2016, 2020 og 2024, og sjå korleis ei tomt har endra seg.
- Store kartoppslag gjev mykje mindre svar, fordi tomme felt ikkje blir sende. I ein test med 1 000 rader krympa svaret frå 2,5 millionar til 104 000 teikn. Då har AI-en plass til meir i samtalen.
- Svarar ikkje ei datakjelde i tide, får AI-en vite det og kan forklare deg kva som skjedde. Før fekk han berre ein intern feil.
- Rapportar og presentasjonar startar med eit samandrag på to sider, så lesaren får hovudpoenga først.
Flyfoto frå fleire år i eitt oppslag krev at du oppdaterer connectoren éin gong. Resten verkar utan at du gjer noko.
29. oktober 2026
Svara frå Placepoint AI viser no kvar dataa kjem frå og lenkjer rett inn i Placepoint Fusion, og tilkoplinga frå ChatGPT, Copilot Studio og Perplexity har fått eit ekstra tryggleikssteg.
- Svara oppgjev Placepoint som kjelde, og kvar eigedom og kvart selskap i svaret har ei lenkje som opnar det i Placepoint Fusion. Handlar svaret om til dømes eigarar, sal, regulering eller rekneskap, opnar lenkja eigedomspanelet eller selskapspanelet på den fana.
- Verktøya har fått lesbare namn, og kvart verktøy seier om det berre les data eller òg endrar noko. AI-appen kan då spørje deg før han opprettar, endrar eller slettar eit datasett.
- Koplar du til frå ChatGPT, Microsoft Copilot Studio eller Perplexity, kjem du først til ei side frå oss som viser kva app som bed om tilgang. Gå vidare til innlogginga berre viss du sjølv starta tilkoplinga. Sida stoppar den som sender deg ei tilkoplingslenkje for å få tilgang i ditt namn. Er du allereie kopla til, merkar du ingenting, og Claude, Claude Code og Codex loggar inn som før.
- Opnar du adressa til ein av serverane i nettlesaren, kjem du til Placepoint AI på placepoint.no i staden for ei feilmelding. Adressa legg du framleis inn i AI-appen, sjå Korleis installere.
- Ny side: Verktøya i Placepoint AI viser kva kvart verktøy gjer, med eit døme på eit spørsmål. Ho er laga for deg som vel verktøy til ein agent, til dømes i Microsoft Copilot Studio.
- Tre kartlag frå Placepoint 3.0.33 kan no brukast i Placepoint AI: Eigedomsskatt per eigedom i 2026 og per kommune tilbake til 2007, Vilttrekk og Hotell. Spør til dømes «Kva er eigedomsskatten på denne eigedommen?» eller «Kva hotell ligg innan 800 m frå Oslo S?». Alle dei åtte nye kartlaga i 3.0.33 finst no i både Fusion og Placepoint AI.
- Dei gamle tilkoplingsadressene frå pilotperioden er slått av. Brukar du ei adresse som ikkje står under Korleis installere, koplar du til på nytt med ei av adressene der.
Har du brukt Placepoint AI før, oppdaterer du connectoren éin gong for å få dei nye namna på verktøya.
28. oktober 2026
Den største oppdateringa av Placepoint AI sidan lanseringa. Placepoint MCP har fått ny søkjemotor og 286 nye felt, og svarar no frå det same datagrunnlaget som Placepoint Fusion. Mykje som før kravde fem spørsmål, tek no eitt.
- Regulering og planar per eigedom. Kvar eigedom har no reguleringsplanar, kommuneplan, arealføremål, omsynssoner og føresegnsområde, med kor mange m² og kor stor del av tomta kvar av dei dekkjer. Pågåande planarbeid har sitt eige flagg. Spør du om éin eigedom, skil assistenten mellom planen som faktisk gjeld tomta og naboplanar som berre rører grensa. Før kjende han berre arealføremålet i kommuneplanen.
- Verdiestimat på bustader. Bustadverdimodellen vår ligg i søket, med verdi, intervall og leigeestimat per brukseining, summert per eigedom. «Bustader med verdiestimat over 10 mill. kr i denne grunnkrinsen» og «samla bustadverdi i dette burettslaget» er eitt spørsmål kvar. Estimatet gjeld bustad, ikkje næring.
- Heile eigarkjeda i eitt søk: kven som eig direkte, kven som eig gjennom kven, kor mange ledd, effektiv eigardel og kven som er konsernspissen. SPV-eigde eigedomar, utanlandske eigarar, kjende gardeigarar og festarar er med. «Kven eig Munkedamsveien 27, og kven sit på toppen?» tek eitt oppslag, ikkje ni.
- Tilgangen følgjer lisensen. Placepoint MCP er no ein eigen lisens, og berre brukarar med lisens slepp inn, uansett kva AI-app dei brukar. Tilgangen kan avgrensast til namngjevne brukarar, sjå Korleis installere.
- Manglar du lisens, får du vite kvifor. Assistenten svarar med kva som manglar, til dømes at verksemda ikkje har lisens, at prøveperioden er over eller at lisensen gjeld namngjevne brukarar, og kven som kan gje deg tilgang. Før feila berre tilkoplinga, og Copilot Studio svarte med ei melding om eskalering.
- 63 hurtigfilter frå Filter i Placepoint Fusion verkar direkte: kontor, lager, ubygd, SPV-eigd, vedteken regulering, omsett siste tolv månadene, energikarakter A til C, leigetakar konkurs og fleire. Assistenten vel dei sjølv, så du treng ikkje vite at dei finst.
- Dagleg leiar, styreleiar og styre følgjer med både eigarar og leigetakarar. «Eigedomar der leigetakaren sin daglege leiar òg sit i styret hos eigaren» er eitt søk.
- Område slik folk seier dei. Grunnkrins, delområde og tettstad blir slått opp på namn, til dømes Ullevål Hageby, Berg eller Frogner.
- Adressesøket treffer rett: eksakt adresse øvst, grunneigedomen før seksjonane, og treff i ein annan kommune enn du bad om, er merkte.
- Alle tinglyste omsetningar på ein eigedom, med kjøpar, seljar, beløp, type og dato. Før fekk du berre siste sal. Eit sal som gjeld mange seksjonar, blir talt éin gong.
- Rapportane får framside med nyaste flyfoto frå Norge i bilder, i trykkvalitet og med eigedomen teikna inn.
- Reisetidssoner med kollektivtransport kan no reknast frå ei avreisetid du vel.
- Innlogginga blir fornya av seg sjølv. Frå slutten av august kunne Claude vise «failed to connect» når innlogginga hadde gått ut på tid, og du måtte kople til på nytt. Det er retta.
- Meldingane om innlogging og tilgang er no på engelsk, og datoar i dei står som 2026-10-28.
- Innlogginga frå Perplexity verkar.
- Kvar rapport sluttar med eit tilbod om radene han byggjer på, som Excel-fil.
- Har du eit ledig lokale, finn og rangerer assistenten selskap som kan vere aktuelle leigetakarar. Oppgje adresse eller matrikkelnummer, areal og bruk. Sjå òg Leigetakaranalyse og leigetakarsøk.
- Spør du kor utsett ein eigedom er for lynnedslag, svarar Placepoint AI med lyntettleiken, talet på lyn per km² per år. Lynnedslag er ikkje ein del av risikosjekken.
- Bed du om mange kart på kort tid, ventar assistenten på tur i staden for å svare med ei feilmelding.
Dei 286 nye felta fordeler seg slik:
| Område | Nye felt | Døme |
|---|---|---|
| Plan og regulering | 74 | Regulering og kommuneplan per eigedom, overlapp i m² og %, pågåande planarbeid |
| Eigarar og eigarkjede | 50 | Konsernspiss, effektiv eigardel, SPV, festarar, kjend gardeigar, burettslag |
| Tomt, teig og seksjon | 31 | BYA og ubygd areal, tvistar og usikre grenser, seksjonsbrøk |
| Bygg | 25 | BRA i staden for BTA, byggjeår, TEK-nivå, bygningstype etter NS 3457 |
| Omsetningar | 19 | Alle tinglyste omsetningar med kjøpar, seljar, beløp, type og dato |
| Roller | 18 | Dagleg leiar, styreleiar og styre hos eigarar og leigetakarar |
| Energimerke | 14 | Karakter per bygg og brukseining, snitt per eigedom, oppvarming, frå Enova SF |
| Sertifiseringar | 13 | BREEAM-NOR, Svanemerket og LEED per sertifikat, med status og gyldigheit |
| Verdiestimat | 12 | Verdi, intervall og leige per bustad, sum per eigedom |
| Brukseiningar | 12 | Leilegheiter og bustader med rom, bad, etasje og areal |
| Leigetakarar | 9 | Status, utanlandsk, undereining, største leigetakar |
| Område og søk | 9 | Grunnkrins, delområde, tettstad, betre adresse- og matrikkelsøk |
Prøv til dømes:
- «Kva gjeld av regulering for Storgata 10 i Lillestrøm, og kor mykje av tomta dekkjer planen?»
- «Finn ubygde tomter med bustadføremål i Bærum over 2 000 m²»
- «Kven eig dette bygget, kven er konsernspiss, og kven er dagleg leiar hos dei største leigetakarane?»
- «Omsetningar over 50 mill. kr i Trondheim siste to år, med kjøpar og seljar»
- «Kontorbygg over 5 000 m² i Oslo eigde av SPV med energikarakter E eller dårlegare»
Har du brukt Placepoint AI før, oppdaterer du connectoren éin gong for å få dei nye verktøya. Lagra spørjingar med gamle feltnamn får ei melding om kva dei skal bytast til.
14. oktober 2026
Risikosjekken av ein eigedom dekkjer no radon og tel kvar fare éin gong, og to nye kartlag er med: brannstasjonar og ladestasjonar.
- Radon er med. Bed du om ein risikosjekk av ein eigedom, sjekkar assistenten no radonaktsemd i tillegg til skred, flaum, kvikkleire, kulturminne, forureina grunn og verneområde.
- Kvar fare blir talt éin gong. Mange farekart finst hos fleire leverandørar, og før kunne same fare stå to gonger i rapporten. No blir han talt éin gong, frå den beste kjelda, og svaret kjem raskare.
- «Ikkje kartlagt» er ikkje lenger eit funn. Kart som berre viser kvar det finst kartlegging, vart før lesne som fare. No står dei som ein merknad om dekning.
- Store tomter går gjennom. Oppslag mot verneområde og forureina grunn feila ofte på store tomter. No verkar dei, og svara kjem rett frå Miljødirektoratet.
- Nytt kartlag: brannstasjonar med responstid. Alle brannstasjonar i Noreg, med områda dei når innan fem, ti og 20 minutt køyring. «Ligg denne tomta innanfor ti minutt køyring frå ein brannstasjon?»
- Nytt kartlag: ladestasjonar for elbil. Spør du etter «ladestasjonar nær [adresse]», finn assistenten dei no. Før gav same spørsmål ingen treff.
- På veg: tilknytingskøen for kraft frå Statnett, med nettkapasitet per transformatorstasjon, skal oppdaterast kvar dag. I dag er tala frå august, og den daglege oppdateringa kjem i neste versjon av kartlaga.
30. september 2026
Placepoint AI verkar no òg i Microsoft Copilot Studio og OpenAI ChatGPT.
- Placepoint AI kan koplast til Microsoft Copilot Studio og ChatGPT, i tillegg til Claude Desktop, Claude Cowork og Claude Code. Det er dei same to serverane og den same innlogginga med Placepoint-brukaren din uansett kvar du koplar til. Claude er framleis der vi testar kvar ny funksjon først, og der verktøya gjev dei beste svara.
- Framgangsmåten for kvar av dei står under Korleis installere. URL-ane til serverane får du frå kontaktpersonen din hos oss.
23. september 2026
Selskapsregisteret er oppdatert, og tilsette blir talde der dei jobbar.
- Selskapsregisteret er oppdatert til ein ny versjon med alle grunnkrinsar og delområde frå Statistisk sentralbyrå (SSB), så selskap kan søkjast opp og teljast i eit nabolag, ikkje berre per kommune.
- Tilsette blir talde der folk jobbar. Assistenten skil mellom tilsette på éi adresse og tilsette i heile selskapet.
- Avdelingar har fått namn. Kvart kontor, kvar butikk og kvar filial står med eige namn, adresse og tal på tilsette, så «alle Kiwi-butikkar i Oslo» eller «regionkontora til Entra» kan listast stad for stad.
- Spør du kor mange tilsette eit selskap har, legg assistenten fram tre tal og bed deg velje: sjølve selskapet, avdelingane fordelte på adresser eller heile konsernet. Før gjetta han, og gjetninga gav feil tal i rapportar.
- Konsernoversikta kombinerer aksjonærregisteret, organisasjonsledda hos Brønnøysundregistrene (BRREG) (kommune, etat og kommunale føretak) og internasjonale konsernkoplingar. Ein kommune blir då vist som eitt konsern, med etatane, dei kommunale føretaka og avdelingane under seg.
- Eig og kontrollerer er to spørsmål. Du får både alt eit selskap har eigardel i og det selskapet kontrollerer med over 50 %, med konsernspissen namngjeven. Det er det same biletet eigarstrukturrapporten byggjer på.
- Når ein eigedom blir analysert, tel assistenten tilsette som sit i bygget, ikkje totaltalet for hovudkontoret. Det gjev rettare tal i leigetakaranalysar og områderapportar.
20. september 2026
Selskapsdataa har fått fleire nye felt, og dei kan kombinerast fritt i eitt og same spørsmål.
- Bygningsalder, siste ombygging og status i byggjesaka følgjer med, både for bygga selskapet eig og for lokala det leiger. Det er dei same sakene Saksinnsyn viser i Placepoint Fusion.
- Energiattest frå Enova SF per eigedom, med beste energimerke, gjennomsnitt og tal på attestar.
- Miljøsertifisering med nivå, til dømes «BREEAM-NOR Excellent». LEED og Svanemerket er med på same måten.
- Eigedommane er stadfesta ned til grunnkrins og delområde, ikkje berre kommune og fylke. Då kan du leite etter eigarar og leigetakarar i eit nabolag i staden for i ein heil kommune.
- Kvart selskap er merkt som offentleg eller privat.
- Heimelsdato viser når selskapet tok over eigedommen, så dei som nettopp har kjøpt, lèt seg skilje ut.
- Konsernoversikta tek med alle selskap konsernet eig minst 25 % av.
18. september 2026
Fleire forbetringar i den svenske koplinga frå Combify.
16. september 2026
Fleire forbetringar i den svenske koplinga frå Combify.
14. september 2026
Den svenske koplinga frå Combify er utvida. Ho blir brukt i Agenten.
10. september 2026
- Utleigar er kopla direkte til kvart leigeforhold, og dekninga er nesten 50 % høgare enn før. Spør du om eit konsern som eig eigedommane gjennom single purpose-selskap, finn assistenten leigetakarane likevel, utan at du må gå vegen om dotterselskapa. Det er dei same leigeforholda Einingar og leigetakarar viser i Placepoint Fusion.
- Tilsette blir talde på adressa, ikkje berre i selskapet. Eit hovudkontor med avdelingar rundt i landet gjev ikkje lenger alle tilsette i selskapet som talet for bygget.
- Leigetakarlistene er reinare: eigar- og holdingselskap blir ikkje rekna som leigetakarar, selskap under avvikling er flagga, og innflyttingsdato er med.
- Bygningstype er knytt til selskapa, både på det dei eig og på lokala dei leiger. Då kan du kombinere bransje, tilsette, status eller konsern med kva slags bygg selskapet sit i, i eitt spørsmål, på same måten som Filter kombinerer kriterium i Placepoint Fusion: «IT-selskap i Bergen med over 20 tilsette som sit i kontorbygg».
- Kodar i uttrekk til Excel får ein kolonne med klartekst ved sida av, både for eigedommar og selskap, så du slepp å slå opp kodane sjølv.
- Geografiske søk gjev matrikkelnummer per treff, så du kjem rett vidare til eigedommen. Oppslag som før kunne bli avviste på grunn av formatet på nøklar eller feltnamn, går no gjennom.
- Assistenten oppgjev kva kjelde eit tal kjem frå, seier frå når eit tal er eit overslag, og tel ikkje same leigetakar to gonger i eit konsern.
9. september 2026
- Selskapet som utgangspunkt: assistenten har no heile selskapsregisteret frå Brønnøysundregistrene (BRREG) kopla mot eigedommane selskapa eig, leiger og held til i. Du kan starte i selskapet og ende i eigedommen, eller omvendt, i same samtalen. Det er det same søket Selskapspanelet byggjer på.
- Finn og ranger selskap: filtrer på bransje, kommune, organisasjonsform, tilsette, omsetning og om dei eig eigedom, har leigetakarar eller dotterselskap. «Eigedomsselskap i Bergen med over 50 tilsette» er eitt spørsmål. Fritekst treffer marknadsnamn og formål, så «selskap som driv lagerhotell» finn kva dei gjer, ikkje berre kva dei heiter.
- Rangeringar tel kvart selskap éin gong: største eigedomsbesittarar, flest leigetakarar, flest dotterselskap, høgast omsetning i ein bransje. Kjeder og franchise er med, fordi utsala står som undereiningar med eige organisasjonsnummer.
- Eitt selskap i djupna: styre og dagleg leiar, aksjonærar med eigardel, morselskap, ultimat eigar og dotterselskap i alle nivå, rekneskap tilbake til 1998, adressehistorikk, og eigde eigedommar både direkte og gjennom eigarkjeda. Òg kvar selskapet sjølv leiger, og kven som leiger hos det. Det er det same biletet eigarstrukturrapporten byggjer på.
- Screening av single purpose-selskap som eigen profil: aksjeselskap i eigedomsbransjen, eigd av eit anna selskap, éin til tre eigedommar, ingen eigne tilsette. Kan avgrensast til éin kommune, eigaren bak kjem med i same runden, og assistenten seier kva kriterium han la til grunn.
- Uttrekk til Excel og CSV av selskaps- og eigedomslister, med eigne underark for eigedommar, dotterselskap, aksjonærar, roller, leigetakarar og rekneskapshistorikk.
- Opphøyrde selskap og undereiningar blir filtrerte bort som standard, sidan halvparten av registeret er historikk. Koplingane går på organisasjonsnummer og matrikkelnummer, aldri interne id-ar, så tala kan etterprøvast. Aggregat som før stoppa stille ved 1 000 dokument tel no rett i store datasett, òg på eigedomssida.
3. september 2026
- Innlogging med Placepoint-brukaren din på begge serverane. Du klikkar Connect i Claude og loggar inn slik du gjer i Placepoint Fusion. Tilgangen følgjer brukaren i staden for URL-en.
2. september 2026
- Placepoint Dataset MCP: ein eigen server for prosjekta og datasetta dine i Placepoint Fusion. Claude kan opprette datasett frå eit søkeresultat, laste opp og matrikkelkople filer, leggje til kommune og grunnkrins som kolonnar, summere per område, rekne ut reisetid og optimalisere ruter, og setje stil på kartlaget. Du loggar inn med Placepoint-brukaren din, og tilgangen følgjer prosjekta dine.
19. august 2026
- Areal- og reguleringsplanar dekkjer no fem datasett: vedtekne reguleringsplanar, planforslag under behandling, kommuneplan, kommuneplanforslag og varsel om planoppstart. Oslo er med. MCP-en finn sjølve plandokumenta, så Claude kan lese føresegnene der dei finst, og det er i føresegnene krava faktisk står, ikkje i fargane på plankartet.
- Pilot av Placepoint AI inne i Placepoint Fusion, som Agenten: same verktøy og datakjelder, vanleg Fusion-funksjonalitet og søk i brukardokumentasjonen.
11. august 2026
- Ny arealplan-suite: søk i arealplanar, hent plandetaljar med plankart, sjå kva planar som gjeld for ein eigedom, og hent plandokument (føresegner, planskildring med meir) som PDF. Svarar til reguleringskartlaga i Placepoint Fusion.
- Plansjekk per eigedom treng berre matrikkelnummeret. Dei faktiske grensene til eigedommen blir henta automatisk og brukte i oppslaget, noko som gjev rettare treff enn før. Kommuneplanforslag er med som eigen kategori.
- Plandokument blir lesne, ikkje berre lista. Skal ein plan omtalast i ein rapport eller analyse, kontrollerer Claude at føresegner og planskildring faktisk er lesne først. Manglar det plandata for ein eigedom, blir det sagt eksplisitt i leveransen i staden for at eigedommen ser uregulert ut.
- Eigedomsoppslag føreslår planstatus og faresveip (skred, flaum, kvikkleire og tilsvarande) som neste steg, så regulering og risiko ikkje blir hoppa over.
- Rapportar blir leverte som HTML som standard, som er monaleg raskare. PDF blir laga på førespurnad, med val mellom éi lang side eller ekte paginerte sider, og melding om tidsbruken før den tyngre varianten blir køyrd.
- Kartverktøya gjev betre feilmeldingar: ukjende kartlag gjev ei melding med gyldige alternativ, store geometriar blir forenkla kontrollert med tydeleg notat, og geometriar kan brukast om att mellom verktøy utan å limast inn på nytt.
- Bruksguiden og verktøyskildringane er utvida, slik at Claude vel rett verktøy for plan- og reguleringsspørsmål.



