Finn ein eigedom
Du har ei adresse, eit matrikkelnummer eller eit firmanamn og vil opne eigedomspanelet med eigarar, bygg og reguleringsdata.
Steg 1: Opne søkjefeltet
Søkjefeltet ligg øvst til venstre i grensesnittet. Klikk i feltet eller trykk Tab.

Steg 2: Skriv inn søket
Skriv adresse, matrikkelnummer, organisasjonsnummer eller firma-/stadnamn. Etter om lag eitt sekund kjem det opp ei forslagsliste.

Søket grupperer treff i kategoriar: eigedom/adresse, selskap, matrikkel, taggar og prosjekt. Adressetreff viser matrikkelnummer (til dømes 0301-209-272-0-0) under stadnamnet.
Steg 3: Klikk eit treff
Klikk eigedommen du leitar etter. Søket lukkar seg, kartet zoomar til eigedommen og polygonet blir utheva.
Steg 4: Opne panelet
Klikk éin gong på det utheva polygonet for å opne eigedomspanelet på høgre side.

Nokre gonger glir ikkje panelet inn automatisk ved første klikk etter søk. Eit ekstra klikk på polygonet løyser dette.
Steg 5: Bla i fanene
Eigedomspanelet samlar matrikkeldata, bygg, eigarar, transaksjonar og risiko. Dei viktigaste fanene i ei tidleg vurdering:
| Fane | Kva du finn |
|---|---|
| Generelt info | BRA, hierarki, sertifiseringar |
| Eigarar | Heimelshavarar og selskap |
| Transaksjonar | Salshistorikk med pris og dato |
| Zoning | Arealføremål og reguleringsføresegner |
| Case Records | Kommunale byggjesaker. Sjå Saksinnsyn |
| Risiko | Naturfare og grunnforhold. Sjå Risiko |
Sjå Eigedomspanelet for full oversikt over alle faner.
Alternativ: Klikk direkte i kartet
Har du rett stad i kartet allereie, klikk direkte på eigedommen. Polygonet blir utheva, klikk det igjen for å opne panelet.
Alternativ: Søk på matrikkelnummer
Skriv matrikkelnummeret direkte i formatet 0301-209-272 for presist treff utan adresse. Nyttig når du har fått eit matrikkelnummer frå eit dokument eller ein rapport.

Nyleg besøkt
Sist besøkt-knappen øvst til venstre (klokke-ikon) samlar panela du nyleg har opna. Rask snarveg tilbake til eigedommar du jobbar med.
Neste
- Sjekk klimarisiko - bruk Risiko-kartlaga.
- Aktiver eit kartlag - sjå folketal, støy eller regulering lagt over kartet.
- Eigedomspanelet - alle faner og alt innhald forklart.