Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er fagdirektoratet for byggjesak og byggteknikk under Kommunal- og distriktsdepartementet. Etaten forvaltar byggjesaksforskrifta (SAK10) og byggteknisk forskrift (TEK17), driv ordninga med sentral godkjenning for ansvarsrett og utviklar fellestenestene for digital plan- og byggjesakshandsaming i kommunane.
Frå 1. januar 2026 er det DiBK som formidlar og distribuerer arealplanane til kommunane nasjonalt. Oppgåva låg tidlegare hos Kartverket. Tenesta heiter DiBK NAP (nasjonal arealplanbase) og blir levert gjennom Fellestenester plan og bygg. Kommunane fører framleis sitt eige digitale planregister, og DiBK synkroniserer mot planregistra og tilbyr dataa vidare. Det er desse tenestene Placepoint hentar reguleringsplanar, kommuneplanar og reguleringsplanforslag frå. Kva vi gjer med plandataa etterpå, står under Meir enn plankartet.
Direktoratet for byggkvalitet skal bidra til at det på en effektiv måte bygges sikre, miljøvennlige og tilgjengelige boliger og bygg. Vi forvalter det byggtekniske regelverket og er et virkemiddel for å realisere bygningspolitikken.
Meir informasjon: DiBK - hovudside, Byggteknisk forskrift (TEK17) med rettleiing, Byggjesaksforskrifta (SAK10) med rettleiing, Plannytt 1/2026 om overgangen til DiBK NAP (regjeringen.no)
Slik blir dataa viste i kartet
Datasettet Reguleringsplanar slik det ser ut i Placepoint:




