Meteorologisk institutt (MET)
Meteorologisk institutt er den nasjonale meteorologiske tenesta i Noreg, ein statleg etat under Klima- og miljødepartementet. Saman med dei nordiske nabolanda driv instituttet lynpeilenettet, som registrerer tidspunkt, posisjon og straumstyrke for kvart lynnedslag i Norden. Til Placepoint leverer MET lynnedslag frå 2001 til i dag gjennom datatenesta Frost, som vi hentar frå kvar natt.
For ein eigedomseigar eller eit forsikringsselskap er lyntettleiken den opplysninga som skil område frå kvarandre: innlandet på Austlandet har fleire gonger så mange lyn per km² som kysten i vest og nord. Datasettet inngår i kartlaget for Risiko.
Meir informasjon: met.no, Frost
Slik blir dataa viste i kartet
Datasettet Lynnedslag slik det ser ut i Placepoint:
