Teknisk tryggleik
Det IT- og tryggleiksansvarlege treng for å godkjenne og setje opp Placepoint: kva TLS-versjonar vi godtek, kva vertsnamn og portar som må vere opne, korleis innlogging og API-tilgang verkar, og korleis dataa blir krypterte. Roller, databehandlaravtale og underdatabehandlarar står på Personvern og databehandling.
Sida gjeld Placepoint Fusion, Placepoint API, Placepoint AI, hjelpesidene på docs.placepoint.no og nettsida placepoint.no.
HTTPS og TLS
All trafikk går over HTTPS på port 443, kryptert med TLS.
- TLS 1.2 er lågaste versjon. Tilkoplingar med TLS 1.0 og TLS 1.1 blir avviste.
- TLS 1.3 er støtta av alle tenestene, og vi tilrår det.
- Førespurnader på port 80 blir omdirigerte til HTTPS eller avviste.
- Fusion på
app.placepoint.no, Placepoint API, hjelpesidene og placepoint.no senderStrict-Transport-Security(HSTS), så nettlesaren berre bruker HTTPS.
Fusion og hjelpesidene ligg bak Azure Front Door, som avsluttar TLS-sambandet. Microsoft skildrar TLS-støtta der i TLS-policyen for Azure Front Door.
Cipher suites
Alle tenestene støttar desse fire. Alle gir forward secrecy og autentisert kryptering (AEAD).
| TLS-versjon | Cipher suite |
|---|---|
| TLS 1.3 | TLS_AES_256_GCM_SHA384 |
| TLS 1.3 | TLS_AES_128_GCM_SHA256 |
| TLS 1.2 | TLS_ECDHE_RSA_WITH_AES_256_GCM_SHA384 |
| TLS 1.2 | TLS_ECDHE_RSA_WITH_AES_128_GCM_SHA256 |
Nokre av tenestene godtek òg eldre cipher suites for TLS 1.2, av omsyn til eldre klientar. Set opp integrasjonar med dei som står i tabellen.
Sertifikat
Sertifikata er utferda av offentlege sertifikatutferdarar, har RSA-nøklar på 2048 bit og blir fornya automatisk. Tenestene som køyrer i Microsoft Azure, bruker sertifikat frå DigiCert, og Azure utferdar og fornyar dei.
Lås ikkje ein klient til eit bestemt sertifikat eller mellomsertifikat (certificate pinning). Dei blir bytte utan varsel når dei blir fornya. Stol på rotsertifikata som følgjer med operativsystemet eller nettlesaren.
Vertsnamn, portar og IP-adresser
Brannmuren må sleppe gjennom utgåande HTTPS på TCP-port 443 til vertsnamna under. Oppdateringar i sanntid i Fusion går over WebSocket (wss) på same port.
| Teneste | Vertsnamn | Blir brukt til |
|---|---|---|
| Placepoint Fusion | app.placepoint.no | Webappen og innlogginga |
backend.placepoint.no | Dataa appen viser | |
ws-v2.placepoint.no | WebSocket | |
layers2.placepoint.no | Kartlag | |
assets.placepoint.no | Statiske filer | |
| Placepoint API | data.placepoint.no | Alle endepunkt i Placepoint API og tokenutferdinga |
| Placepoint AI | mcp.placepoint.no, mcp-dataset.placepoint.no, mcp-sweden.placepoint.no | Serverane KI-verktøyet koplar seg til, sjå Installere Placepoint AI |
| Hjelpesidene | docs.placepoint.no | Dokumentasjonen og utviklarportalen |
| Nettsida | placepoint.no, www.placepoint.no | Nettsida vår |
Den enklaste regelen er å opne for *.placepoint.no. Kartet i Fusion hentar i tillegg bakgrunnskart og kartlag direkte frå serverane til leverandørane, mellom anna *.kartverket.no hos Kartverket, *.geodataonline.no hos Geodata og *.arcgis.com. Kven som leverer kva, står på leverandørsidene. Ikon og filer i datasett blir henta frå *.blob.core.windows.net. Kva nettlesaren elles må støtte, står på Systemkrav.
Vi har ingen faste IP-adresser. Fusion og hjelpesidene ligg bak Azure Front Door, der adressene blir delte med andre og endra utan varsel. Bruk vertsnamn i brannmurreglar, ikkje IP-adresser.
Innlogging og tilgang
Placepoint Fusion
- Kvar person har sin eigen konto og loggar inn med e-post og passord.
- Innlogginga bruker Microsoft Entra External ID. Passorda blir lagra og kontrollerte hos Microsoft, ikkje i databasane våre.
- Ein konto kan berre vere innlogga på éi eining om gongen, og kvar innlogging blir logga med IP-adresse. Tenesta skal brukast frå EU/EØS, sjå Tilgang utanfor EU/EØS.
- Eingongskode, tofaktor, SSO og kor lenge ei innlogging varer, står på Konto og innlogging.
- Administratoren i verksemda legg til og fjernar brukarar, sjå Brukaradministrasjon og Medlemmer.
- Personopplysningar om privatpersonar er skjulte til vi har godkjent behovet, sjå Tilgang til personopplysningar.
Placepoint API
- Placepoint API bruker OAuth 2.0 client credentials. Klient-ID og løyndom blir bytte mot eit token på
https://data.placepoint.no/auth/token, sjå Authentication i utviklarportalen. - Tokenet blir sendt som
Authorization: Bearerpå kvart kall og varer vanlegvis i éin time. Ingen nøklar står i URL-en. - Kvart endepunkt krev eit scope. Personopplysningar krev scopet
person:readi tillegg, og ein signert databehandlaravtale. - Standardgrensa er 120 kall per minutt per token. Over grensa svarer API-et
429medRetry-After, sjå Rate limits and quotas. - Korleis de får klient-ID og løyndom, står under Korleis kjem vi i gang med API-tilgang?
Placepoint AI
- KI-verktøyet loggar inn med OAuth, med den same kontoen som i Fusion. Serverane har ingen eigne brukarar eller nøklar.
- Tilgangen følgjer kontoen, så KI-verktøyet ser det same som brukaren ser i Fusion. Oppsettet står på Installere Placepoint AI, og kven som har tilgang, under Kven har AI-tilgang?
- Personopplysningar er ikkje tilgjengelege gjennom Placepoint AI.
- Kva vi loggar, står under Kva loggar Placepoint når eit KI-verktøy hentar data? Kvar dataa går, står under Placepoint AI og eigne datasett.
Kryptering og tryggleikskopiar
- Fusion, Placepoint API og dataa bak ligg i Microsoft Azure, i regionen Norway East. Sjå Kvar blir dataa lagra? og lista over underdatabehandlarar.
- Placepoint AI for Sverige, serveren for svensk eigedom, køyrer hos Amazon Web Services (AWS) i Irland, med sertifikat frå Amazon.
- Databasane er krypterte i kvile med transparent datakryptering (TDE) og AES-256.
- Filer og datasett i Azure Storage er krypterte i kvile med AES-256.
- Microsoft forvaltar krypteringsnøklane, sjå kryptering i kvile i Azure. Kva det tyder for amerikansk lov, står under CLOUD Act.
- Databasane blir tryggleikskopierte automatisk og kan gjenopprettast til kva tidspunkt som helst dei siste sju dagane. I tillegg tek vi vare på éin kopi i veka i seks månader, éin i månaden i to år og éin i året i ti år. Kopiane blir lagra georedundant, òg i Norway West, som er regionparet til Norway East.
- Sertifiseringane og revisjonsrapportane til Microsoft for Azure står i Azure compliance og Service Trust Portal. Dei gjeld Azure som plattform.
Spørsmål om tryggleik
Har du funne ei sårbarheit, eller treng innkjøp eit utfylt tryggleiksskjema, skriv til support@placepoint.no. Svara innkjøp oftast spør etter, står i Kort oppsummering for leverandørskjema. Kva som skjer ved eit brot, står under Kva skjer ved eit tryggleiksbrot? Finansføretak finn DORA på same side.



