3D-innstillingar
I 3D-innstillingar vel du korleis 3D-kartet skal teiknast: stilen på bygningane, om tre, bymøblering og vatn skal visast, og kor vidt kameraet ser. Du finn dei under Bakgrunnskart i topplinja.

Opne innstillingane
- Klikk 3D i topplinja for å byte til 3D-modus.
- Klikk Bakgrunnskart, og vel fana 3D-innstillingar.

Tre, bymøblering og vatn finst i 3D-kartet over Noreg, og dei er av til du slår dei på. Kvar av dei tre gruppene har ein brytar. Klikk namnet på gruppa for å sjå vala under ho.
Vala dine blir hugsa i nettlesaren, så kartet ser likt ut neste gong du opnar det på same maskin.
Bygningsstilar
Ein bygningsstil bestemmer fargen og kantlinjene på alle bygningane i Bygningar i 3D. Klikk ein stil i lista for å bruke han.
| Stil | Når han passar |
|---|---|
| Lys | Lyse grå bygningar. Eit reint uttrykk for vising på dagtid |
| Mørk | Svarte bygningar med kvite kantar. Tydelege kontrastar, for vising om kvelden eller natta |
| Skisse | Beige bygningar med mørke strekar. Handteikna preg, for tidlege idear |
| Blåkopi | Blå bygningar med lyse kantar, som ei teknisk teikning |
| Glas | Gjennomsiktige bygningar, så dine eigne modellar står fram |
| Varme | Raude bygningar, for analysar der intensitet skal synast |






Vil du ha andre fargar, klikkar du + ved sida av overskrifta og lagar din eigen stil. Gi stilen eit namn, vel Bygningsfarge og Kantfarge, og juster kantlinja med Kanttype, Tjukkleik og Linjeavvik. Klikk Lagre stil, så legg han seg i lista saman med dei andre.

Tre
Brytaren Trær teiknar tre i 3D-kartet.


Under gruppa vel du kva tre som skal vere med:

| Val | Kva det viser |
|---|---|
| Enkelttrær | Tre som er registrerte eitt og eitt |
| Skog | Trea i skogen |
| Bytrær | Trea i byar og tettstader |
Bymøblering
Brytaren Bymøblering teiknar det som står mellom bygningane: stolpar, gjerde, murar og kaiar.



| Val | Kva det viser |
|---|---|
| Stolper og master | Master, lyktestolpar, flaggstenger, portstolpar og kraftleidningar |
| Gjerder og murer | Gjerde, hekkar, murar, støttemurar, rekkverk og vegsperringar |
| Bruer og kaier | Kaiar, brudekke og detaljar på bruer |
| Anna | Piper, fundament, trapper, tankar og symjebasseng |
Vatn
Brytaren Vatn teiknar innsjøar, elvar og hav som vatn med bølgjer på terrenget. Utan han ser du bakgrunnskartet der vatnet ligg.



| Val | Kva det gjer |
|---|---|
| Innsjøer og elver | Viser innsjøar og elvar som vatn |
| Hav | Viser havet som vatn |
| Bølger | Kor uroleg vatnet er, i fire steg frå stille til moderat sjø |
| Bølgestørrelse | Tre steg. Store bølgjer synest på lang avstand, små bølgjer ser du berre på nært hald |
| Farge | Fire fargar: mellomblå, lysare blå, blågrøn og mørk marineblå |
Videoen viser brytaren, glidebrytarane og fargane i bruk på Nesoddtangen.
!-- pp-video:END -->
Varigheit: 28 sekund.
Innsjøar og elvar har sin eigen brytar, så du kan vise vatnet i Sognsvann og la Hav vere slått av.

Bølgjer
På det lågaste steget ligg vatnet blankt og speglar landskapet. På det høgaste er sjøen uroleg, med glitrande bølgjetoppar.


Bølgjestorleik
Bileta under har Bølger på 4 av 4. Med den minste storleiken blir det fine krusingar, med den største blir bølgjene store nok til å synast på avstand.


Farge
Klikk ein av dei fire fargane. Haken viser kva for ein som er vald.




Synsfelt (FOV)
FOV nedst i fana er synsfeltet: kor vidt kameraet ser, i grader. Standarden er 55, og du kan velje frå 10 til 150 med glidebrytaren eller talfeltet.
Kartet flyttar kameraet når du endrar synsfeltet, så det du ser på, held seg omtrent like stort. Det som endrar seg, er perspektivet. Eit smalt synsfelt verkar som ein telelinse: biletet blir flatare, og du ser lite av det som ligg bak. Eit vidt synsfelt gir sterkare perspektiv og får med meir av omgivnadene og horisonten.



Knappen Nullstill synsfelt ved sida av talfeltet set det tilbake til 55.
Når 3D-kartet går tregt
Tre, bymøblering og vatn gir kartet meir å teikne. Går det tregt, slår du av det du ikkje treng. Kor mykje maskina skal bruke på kartet, vel du under Performance mode på Map i Innstillingar, og Systemkrav viser kva maskina di klarer.



