Systemkrav
Placepoint brukar 3D-grafikk i kartet og krev ein oppdatert 64-bits nettlesar med WebGL2 og maskinvareakselerasjon slått på. Minstekrava står under.
Støtta nettlesarar
- Safari 18 eller nyare (macOS 12 og nyare).
- Google Chrome og Microsoft Edge 138 eller nyare.
- Mozilla Firefox 142 eller nyare.
Eldre versjonar kan vise kartet, men 3D og enkelte kartlag fungerer ikkje påliteleg.
Maskinvare
Placepoint køyrer i nettlesaren, så krava til sjølve maskina er moderate. Ein vanleg Mac eller kontor-PC frå dei siste fem til seks åra held fint.
- Minne (RAM): minst 8 GB. 16 GB er tilrådd om du jobbar med store 3D-modellar eller har mange kartlag og nettlesarfaner opne samtidig.
- Prosessor (CPU): ein fleirkjerna prosessor frå 2018 eller nyare. CPU er sjeldan flaskehalsen i Placepoint, det er grafikken som tel mest.
- Grafikk (GPU): integrert grafikk (Intel Iris/UHD, AMD Radeon, Apple Silicon) er nok til vanleg bruk. Eit eige skjermkort gir jamnare yting i tunge 3D-scener og på skjermar med høg oppløysing.
Merkar du at det går seint, skuldast det oftare minnebruken til nettlesaren med mange opne faner eller ein utdatert GPU-drivar enn for svak maskinvare.
For å få mest mogleg ut av Placepoint tilrår vi ein ekstern skjerm. Kart, panel og lister får meir plass på ein stor skjerm, og du slepp å byte mellom visningar like ofte som på ein berbar.
Har maskina god plass å gå på, kan du skru opp den visuelle kvaliteten under Map i Innstillingar. Sett Performance mode til High quality, eller til Custom om du vil styre kvar einskild innstilling. Blir kartet seint, sett den til Auto og lat kartet regulere seg sjølv.
Nettbrett og mobil
Placepoint er bygd for Mac og PC. iPad kan brukast til å sjå på kart og slå opp informasjon undervegs, men med avgrensingar: skjermplassen blir trang for panel og lister, og enkelte tunge 3D-scener kan gå seinare enn på ei datamaskin. Til sjølve arbeidet tilrår vi ein vanleg skjerm.
iPhone og andre mobiltelefonar er ikkje tilrådde. Skjermen er for liten til at kartet, panela og verktøylinjene får plass på ein brukande måte. Treng du å sjekke noko raskt frå mobilen, fungerer det å sjå på kartet, men reelt arbeid bør gjerast på Mac, PC eller iPad.
Det finst ingen eigen app i App Store eller Google Play, men du kan leggje Placepoint på heimskjermen på telefon og nettbrett og få eit ikon å trykkje på. Sjå Mobil og nettbrett.
Sjekk systemet i Placepoint
Placepoint har ein innebygd systemsjekk. Klikk brukarkortet nedst i venstremenyen, hald musepeikaren over Help og vel System requirements. Panelet les av nettlesaren og grafikken din direkte og viser om systemet er kompatibelt, kva nettlesar og versjon du har, og WebGL-detaljar som leverandør, grafikkort (renderer), maskinvareakselerasjon og talet på tilgjengelege utvidingar. Får du ei åtvaring, listar panelet kva som manglar og kva du bør gjere.

Verdiane speglar maskina du sit på akkurat no, så ein Mac og ein PC viser ulik nettlesar og ulikt grafikkort sjølv om krava er dei same.
Test WebGL2-støtte
Du kan også teste WebGL2 utanfor Placepoint. Opne get.webgl.org/webgl2 i den same nettlesaren som du brukar for Placepoint. Viser sida ein roterande kube, har du WebGL2. Viser den "your browser does not support WebGL2", må du oppdatere nettlesaren eller slå på maskinvareakselerasjon.
Slå på maskinvareakselerasjon
- Safari: maskinvareakselerasjon er på som standard. Fungerer ikkje 3D, oppdater macOS.
- Chrome og Edge:
Innstillinger → System → Bruk maskinvareakselerasjon når tilgjengelig. Start nettlesaren på nytt etter endringa. - Firefox:
Innstillinger → Generelt → Ytelse. Lat "Bruk anbefalte ytelsesinnstillinger" stå på, eller slå manuelt på "Bruk maskinvareakselerasjon når tilgjengelig".
Vanlege problem
Kartet blir ikkje vist. Vanlegvis WebGL2 som manglar. Køyr testen over først.
Kartet er svart eller blinkar. GPU-drivaren er utdatert. Oppdater drivaren via Enhetsbehandling (Windows) eller Programvareoppdatering (macOS).
Det går seint. Sjå Kartlag: Treghet og manglende lag.
Bedriftsbrannmur eller VPN. Enkelte verksemder blokkerer tile-serverar eller nedlasting av WebGL-shaderar. Bed IT-avdelinga om å kvitliste *.placepoint.no og *.kartverket.no.
Kva du sender til support
Løyste ikkje sjekklista problemet, send følgjande til support:
- Nettlesar og versjon (
chrome://versioneller tilsvarande). - Operativsystem og versjon.
- Skjermbilete av WebGL-testen eller feilmeldinga.
- URL i Placepoint då feilen oppstod.