Placepoint 3.0.34
Lansert 31. oktober 2026. Det nye kartlaget Helse og omsorg samlar sjukehus, legevakter, sjukeheimar og fastlegar i eitt lag, og lenkjene til reguleringsplanar verkar igjen i ni kommunar. Svara frå Placepoint AI oppgir no kjelda og lenkjer rett inn i Fusion.
Nytt
Sverige
- Areala i panelet for svenske anbod skil no mellom bruttoareal (BTA) og byggnadsarea (BYA).
Kartlag
- Helse og omsorg under Infrastruktur samlar sjukehus, legevakter, ambulansestasjonar, sjukeheimar og helsehus, psykisk helse og rus, spesialinstitusjonar og fastlegar i sju underkartlag. Sjukehus med døgnope akuttmottak har eigen farge, og klikkar du på ei legevakt, ser du kva kommunar ho dekkjer. Underkartlaget Fastlege viser ledige plassar og venteliste per lege, og erstattar det tidlegare kartlaget Fastlege under Næringsliv.
- Dreneringsliner under Vatn har fått underkartlaget Forsenkingsområde, som viser lågpunkt i terrenget der vatnet blir ståande.

Også nytt
- Startsida i Agenten føreslår spørsmål ut frå dine eigne søk og datasett, og spør du om éin eigedom, opnar Agenten rett fane i eigedomspanelet.
Rettingar og forbetringar
- Lenkjer til reguleringsplanar i Tønsberg, Horten, Holmestrand, Færder, Kvam, Time, Aure, Sunndal og Averøy opnar no kartet til kommunen ved rett eigedom, slik at du kan klikke deg inn på planinformasjonen.
Anna nytt sidan 3.0.33
Placepoint AI
- Svara frå Placepoint AI oppgir Placepoint som kjelde, og kvar eigedom og kvart selskap i svaret har ei lenkje som opnar det i Fusion. Handlar svaret om til dømes eigarar, sal eller rekneskap, opnar lenkja eigedomspanelet eller selskapspanelet på den fana. Alt er skildra i Oppdateringar.
- Koplar du til frå ChatGPT, Microsoft Copilot Studio eller Perplexity, viser ei side frå oss først kva app som ber om tilgang. Då kan ingen få tilgang i namnet ditt ved å sende deg ei tilkoplingslenkje.
- Ny side: Verktøya i Placepoint AI viser kva kvart verktøy gjer, med eit døme på eit spørsmål.
- Rettleiinga for Microsoft Copilot Studio tilrår Claude Opus som modell og viser korleis du vel verktøya agenten treng.
Personvern og tryggleik
- Personvern og databehandling viser kvar dataa går når eit KI-verktøy brukar Placepoint AI, kvar KI-leverandørane behandlar dei og kva vi loggar.
- Sida svarar også på om amerikansk lov, som CLOUD Act, gjeld for dataa, og har eit kort samandrag for leverandørskjema til innkjøp og personvernombod.
Hjelpesidene og placepoint.no
- Søket på docs.placepoint.no og placepoint.no kjenner att synonym frå ordboka, så du finn sida sjølv om du brukar eit anna ord enn ho.
- Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har fått eiga side og står no som kjelde for reguleringsplanar og kommuneplanar.
- Reguleringar forklarer kva vi gjer med plandataa utover det offentlege plankartet.



